Stormen i november i 2021 gjekk særskilt hardt utover 66-kilovoltslina til Telemark Nett mellom Åmot og Dalen. Difor har dei i år byrja med å utvide kraftgata på dette strekket, slik at ein reduserer faren for store og langvarige straumbrot.

– På grunn av komplikasjonane under stormen i 2021, fekk me ei bot på 10 millionar av NVE. Dette vil me ikkje oppleve ein gong til og me gjer alt me kan for å sikre ei stabil straumforsyning, også i rufsete vêr. Me ryddar slik at det tar 50 år før skogen igjen er utvaksen og trugar lina, fortel driftsleiar i Telemark Nett, Gunnar Snarteland.

Arbeidet starta rundt Åmot sentrum, som er særskilt utsett, i år, og dei vonar å finne midlar til vidare rydding i åra som kjem. Arbeidet som blir gjort fram til våren er rekna å koste halvannan million kroner. Det blir nytta hogstmaskin og manuell felling der maskina ikkje kjem til.

– Kraftlina mellom Åmot og Dalen er særs viktig for Vest-Telemark, sidan det høyrer til det regionale nettet. Her koplar Tokke, Kviteseid, Seljord og Vinje seg på. Lina er bygt i 1985 og det er ikkje gjort noko sidan då, så er på høg tid at me gjer noko her, seier Snarteland.

Tre som veltar er skuld i om lag 90 prosent av straumbrota. Difor er linerydding viktig. Det er ikkje gjort så grundig arbeid tidlegare, med kraftgater som er 30 meter breie på kvar side av lina. Eit unntak er arbeidet som blei gjort på Staveliheia.

– Telemark Nett tener på å tenke 50 år framover. Då kan me fordele kostnadane med lineryddinga utover desse åra og ein får mindre feil. Me byrja å rydde ved Qmatec, før me bevega oss mot Groven Camping og Hyttegrend. Vidare derifrå rydda me opp mot Hylland og me håpar å koma til E134 her i vår, seier Snarteland.

– Grunneigarane har vore veldig samarbeidsvillige og positive til prosjektet og arbeidet har gått greitt framover. Einaste skjær i sjøen har vore nokre dagar med hard vind, skyt prosjektleiar Sigbjørn T. Hansen inn under lunsjen med arbeidsgjengen denne torsdagen.