Nytt datasystem for drift og overvåking av nettet
Telemark Nett har skrive avtale med Trimble om nytt nettinformasjonssystem (NIS). Trimble vann konkurransen mellom 3 aktuelle leverandørar.
NIS er kjernesystemet vårt for drift, vedlikehald og feilretting i straumnettet. Systemet blir kopla saman med driftsenteralen og AMS målarane, og vil gje oss betre informasjon og status både ved normal drift, og i feilsituasjonar. Kommunikasjon mot kundar i feilsituasjonar vil også bli meir automatisert. Vi jobbar med å auka digitalisering og automatisering for nettdrifta vår, og nytt moderne NIS-system vil bli grunnsystemet for å handtere dette. Systemet vil være i drift frå januar/februar 2024.