Som fylgje av naturleg avgang lyser vi ut 1 stilling som:

TILSYNSINGENIØR

Du vil vera vårt ansikt i møte med våre kundar. Me søkjer deg som tek ansvar, har høg arbeidskapasitet og er på jakt etter ei spennande og sjølvstendig stilling i eit solid energikonsern.

Arbeidsoppgåvene er primært tilsynsarbeid etter føringar i årleg instruks frå DSB og «Forskrift om det lokale elektrisitetstilsyn og sakkyndige som utfører oppgaver for netteier» (FDLE). Andre oppgåver kan bli pålagt.

Kvalifikasjonskrav for stillinga er regulert av gjeldande forskrift (FEK2013 §10).

I tillegg må søkjar ha førarkort kl. B. Reisegodtgjersle etter selskapets til kvar tid gjeldande reiseregulativ.

Stillinga krev at ein må kunne jobbe sjølvstendig, ha gode samarbeidsevner, og evna til å opptre profesjonelt og ryddig i kontakt med våre kundar. Arbeidsoppgåvene krev at du ein stor del av kvardagen er på tilsynsarbeid ute hos Telemark Nett sine kundar, så du må ha god kunnskap om bruk av digitale hjelpemiddel.

Me kan tilby:

· Ein spanande og fagleg interessant stilling med varierte utfordringar.

· Høve til å jobbe i eit dedikert DLE team med erfarne fagfolk.

· Gode mogelegheiter for vidareutvikling.

· Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

· Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og velferdsordningar.

· Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.

Oppstartsdato 1. oktober 2024.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tilsynsleiar Tor Ivar Berge (tlf. 959 82 461) eller til dagleg leiar Telemark Nett, Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429).

Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar vert å sende pr. e-post til firmapost@vtk.no. Merk: Søknad Tilsynsingeniør

Søknadsfrist: 20. mai 2024