AMS (Avanserte Måle- og Styringssystem)

Hovudregelen er at alle straumkundar har installert ny automatisk straummålar (AMS)
Enkelte målepunkt har framleis manuell målar som må avlesast av kunden. Dette gjeld målepunkt der kunden har reservert seg med helseattest. Enkelte har ny AMS målar men målepunktet ligg slik til at kommunikasjon er vanskeleg.
Du kan registrere målarstand via Min side
Brukarveiledning for display på målaren
Nye målarar har eit display der du kan hente ut ulike informasjon frå målaren. I tillegg til målarstand kan du hente ut forbruk og effekt, samt spenning i målepunktet. Sjå veiledning
Lenker med nyttig informasjon
- EnergiNorge har webside med mykje god informasjon om nye AMS målarar på www.nymaler.no
- NVE har nyttig info om AMS målarar www.nve.no
- NVE sin presisering rundt dispensasjon