Alle nettselskap er pålagt å levere kraft inntil kunden har inngått kraftleveringsavtale med ein kraftleverandør. Denne leveringa vert kalla leveringsplikt, og blir fakturert frå nettselskapet.

Når vi  leverar kraft på leveringsplikt blir det nytta Nord Pool spotpris pluss påslag på 3,5 øre/kwh inkl. mva.

Val av kraftleverandør

Oversikt over kraftleverandørar finn ein på Forbrukarrådet sine nettsider.

Kraftleverandøren din treng opplysningar om deg og målepunkt. Desse finn du m.a. på vår faktura:

  • Målepunkt-ID
  • Sluttbrukar sin fødselsdato, navn og postadresse