Kompensasjon for langvarige straumbrot
Hushald og hytter har krav på kompensasjon ved avbrot i straumforsyninga som varar i meir enn 12 timar
Kompensasjonen pr. målepunkt er:
- Hushald: Kr. 500 ved avbrot på 12 timar og vidare kr. 40 pr. time
- Hytter: Kr. 125 ved avbrot på 12 timar og vidare kr. 10 pr. time
Ei samla årleg utbetaling kan ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneverande år.
Dersom du ikkje får kompensasjon men meiner du har krav på det, kan du fylle ut dette skjemaet og sende oss. Du finn meir informasjon om ordninga på NVE si side.